Arkiv

Bompengeinnkrevjinga på Sykkylvsbrua vert avslutta

Kunngjøring avslutning Sykkylvsbrua (PDF)

 

Onsdag 31. januar 2018 kl. 12:00 vert innkrevjing av bompengar på Sykkylvsbrua avslutta. AutoPASS-brikker som er utleverte frå Sykkylvsbrua AS vil slutte å virke etter 31. januar 2018.

Alle AutoPASS-brikker er kopla opp mot en hovudavtale hos eit bompengeselskap. Brikker med nummer som byrjar med L: 29 eller 95780029 er levert av Sykkylvsbrua AS. Desse brikkene vil ikkje fungere i andre bompengeanlegg etter 31. januar 2018.

Kva betyr dette for deg?

 

1. Du har AutoPASS-brikke frå Sykkylvsbrua AS og ynskjer å fortsette med å ha AutoPASS-brikke i bilen, sjølv om du ikkje treng den til Sykkylvsbrua lenger.

AutoPASS-brikker som er leverte av Sykkylvsbrua AS (L: 29 eller 95780029) fungerer ikkje etter 31. januar 2018.

For å sikre kontinuitet for AutoPASS-kunder, vil kundar med hovudavtale frå Sykkylvsbrua AS automatisk bli overført til Vegamot AS som er det Regionale bompengeselskapet i Møre og Romsdal og Trøndelag. Du vil automatisk få tilsendt ny brikke som kan nyttast frå 1. februar 2018.  Brikka blir tilsendt i løpet av januar 2018, men skal ikkje monterast før 1.februar 2018. Brikka vil vere gyldig i alle AutoPASS- og EasyGO-anlegg, og vil gi fordeler som mellom anna rabatt hos dei fleste bomanlegg i Noreg og Skandinavia, og samla faktura for alle bompasseringar. Dersom du ikkje ønsker AutoPASS- avtale med Vegamot AS kan denne seiast opp ved å kontakte Vegamot AS via telefon 73 82 48 80 eller via kontaktskjema på www.vegamot.no

Det er obligatorisk med brikke for tunge køyretøy i Norge. Det vil seie at AutoPASS-brikke skal til ei  kvar tid vere montert i køyretøyet. De som har køyretøy som er 3501 kg eller tyngre skal ikkje fjerne brikka frå Sykkylvsbrua før montering av ny brikke frå Vegamot AS 1.februar 2018.

2. Du har AutoPASS-brikke frå Sykkylvsbrua AS og har inngått tilleggsavtaler med andre bompengeselskap.

AutoPASS-brikker som er levert av Sykkylvsbrua AS (L: 29 eller 95780029) fungerer ikkje etter 31. januar 2018.

Alle tilleggsavtaler med andre anlegg blir sagt opp. Dersom du ønsker å oppretthalde tilleggsavtalen, må du kontakte bompengeselskapet og oppgje det nye brikkenummeret frå Vegamot AS.
Dersom du ikkje ønsker AutoPASS- avtale med Vegamot AS kan denne seiast opp ved å kontakte Vegamot AS via telefon 73 82 48 80 eller via kontaktskjema på www.vegamot.no

3. Du har AutoPASS-brikke og hovudavtale med eit anna selskap og har inngått tilleggsavtale med Sykkylvsbrua AS (brikka byrjar ikkje med L:29 eller 95780029)

Du trenger ikkje gjere noko og kan bruke brikka som vanleg.  Kundetilhøvet med Sykkylvsbrua AS vert avslutta automatisk.

 

VIKTIG INFORMASJON TIL ALLE

 Sluttavrekninga for AutoPASS-avtaler vert gjort opp seinast tre månader etter avslutning. Eventuelt inneståande beløp på avtalene, samt brikkedepositum vert utbetalt til kundane automatisk. Det kontonummeret som det sist vart betalt inn frå vert nytta ved utbetalinga,  dersom ikkje anna nummer vert opplyst. Dette må i så fall gjerast skriftleg.

AutoPASS-brikkene reknar ein  som elektronisk avfall og skal ikkje kastast i vanleg søppel. Bruk godkjent returordning for el-avfall.

Du bruker en nettleser som ikke støttes av denne nettsiden!

Du bruker en nettleser som ikke støttes av denne nettsiden! Du bruker en nettleser som ikke støttes av dette nettstedet. Dette betyr at noen funksjoner ikke fungerer som de skal. Bruk eller oppgrader / installer en av de følgende nettlesere for å dra full nytte av dette nettstedet.
- Takk!
WordPress Appliance - Powered by TurnKey Linux